Røyster mellom to land kjem til Haus kyrkje

•

Torsdag 22. oktober kl. 19.00 inviterer Haus kulturminnelag til Røyster mellom to land i Haus kyrkje – ei scenisk framsyning med musikk, forteljingar, historiske arkivopptak og sterke kvinnesoger frå den norske utvandringa til Amerika.

Kva fekk eit menneske til å forlata heimbygda, familien og alt det kjende – utan å vita om ein nokon gong skulle koma tilbake?

Mellom 1825 og 1925 reiste mange nordmenn over Atlanterhavet på leit etter eit nytt liv. Bak den store utvandringshistoria finn me enkeltmenneska – og sogene deira.

I Røyster mellom to land fylgjer me eit utval kvinner som reiste frå Vestlandet. Gjennom musikk, levande forteljing, historiske kjelder, arkivopptak og projeksjonar kjem me tettare på røystene deira og livet dei forlét og skapte. Me møter draumar og forventningar, avskil og sakn, arbeid, kjærleik, humor og håp. Brev, dagbøker, historiske kjelder og folkelege minne vert vovne saman med nyskriven musikk og forteljing. I framsyninga får publikum også høyra historiske røyster gjennom unike arkivopptak. Menneske som sjølve opplevde utvandringa får på den måten koma til orde – meir enn hundre år seinare.

Kvar høyrer me eigentleg heime? Kva tek me med oss når me forlèt ein stad? Og korleis ber me historia vidare?

Det er spørsmål som ligg under forteljingane – og som kanskje ikkje berre høyrer fortida til.

Frå Vågespel til scena

Røyster mellom to land er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, som hadde premiere på den internasjonale kvinnedagen i 2025, under utvandrarjubileet. Eitt år seinare vart forteljingane førte vidare til scena. Konsertframsyninga hadde premiere på Sletta i mars 2026.

Medverkande:

Reidun Horvei – song og manusutvikling
Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
Inger-Kristine Riber – piano, komponist og manusutvikling

Katherine Jane Hanson har medverka i manusutviklinga.

Kulturarv som møtestad

For Haus kulturminnelag handlar kulturarv både om å ta vare på det som har vore, og om å skapa nye møte rundt sogene me ber med oss. Kulturminnelaget har fått stønad frå Vestland fylkeskommune til å ta dei første stega mot å utvikla Haus kyrkje som ein levande kulturarena – ein open og inkluderande møtestad for kunst, kultur og samhald.

Røyster mellom to land er eitt av arrangementa me inviterer til som del av dette arbeidet.

Etterklang og drøs

Når dei siste tonane har lagt seg, treng ikkje kvelden vera heilt slutt. Etter framsyninga inviterer me til drøs i kyrkjestova med noko attåt. Her kan me møtast, prata vidare om det me nettopp har opplevd – eller berre slå av ein prat over ein kopp.

For oss er også dette ein viktig del av tanken om kultur som møtestad: ikkje berre å samlast om det som skjer frå scena, men å gje rom for møtet mellom menneske. Velkomne til etterklang og drøs etter framsyninga.


Praktisk informasjon

Røyster mellom to land
📍 Haus kyrkje
📅 Torsdag 22. oktober 2026
🕖 Kl. 19.00
🎟 Vaksne: kr 200
🎟 Born t.o.m. 16 år: gratis
⏱ Om lag 90 minutt utan pause

Billettar kan kjøpast på førehand via TicketCo, eller i døra med Vipps eller kontant betaling.

Arrangør: Haus kulturminnelag